Etter 2000 dugnadstimar kunne idrettslaget stolt invitera elevar, lærarar og rektor på Bjørgum skule til offisiell opning av den nye, flotte klatreparken på Bjørgum, fredag 2. oktober. Ordførar i Voss herad, Hans-Erik Ringkjøp, stod for snorklipping, og var tydelig imponert over dugnadsviljen på Bjørgum. Idrettslaget delte ut is til borna, og serverte kaffi og kake til dei vaksne. 

Klatreparken ligg fint til i utkanten på idrettsanlegget, med benker i nærleiken, der foreldre kan slappa av og samtidig halde eit auga med borna som leikar. Klatreparken fremjar leik for born i alle aldre, med balanse, klatre- og huskeelementer. 

Bjørgum IL ynskjer å takka alle som har vore med på å gjera dette prosjektet til virkeligheit. Ei stor takk til vår trufaste hovedsponsor Vekselbanken for økonomisk støtte, samt støtte frå Sparebanken Vest og Hardangerstiftelsen. Takk for bidrag frå lokale bedrifter og privatpersonar. Takk til Rune frå Klatrejungel AS for god service og godt samarbeid. Og ikkje minst, tusen takk til anleggsansvarlig Jørn-Magnus og resten av dugnadsgjengen. Uten Dykk hadde ikkje dette prosjektet vore mogleg å fått gjennomført. 

Så med stor glede og stoltheit, vil me invitera sambygninger til grenda vår, og vonar mange vil ha glede av klatreparken i lang tid framover. 

Mvh

Monica Grønås, leiar Bjørgum IL