Her er forventingane klubben har til spelarar, trenarar, lagkontaktar og foreldre. Klarar me å fylgje desse ilag, er mykje lagt til rette for eit godt samhald, læringsmiljø og god idrettsglede!

 

SPELAREN

Spelarane i Bjørgum IL skal få moglegheit til å utvikle seg både som spelarar og

menneske. Dette inneber at dei skal oppmuntrast til å vera nysgjerrige og spørjande,

og dei skal lære seg til å ta ansvar for seg sjølv, for laget og for omgivnadane. Det er

viktig å bry seg, og det er viktigare å vera «best på å gjera vårt beste» enn å vinna

kvar kamp. Konkretisering av spelarane sine oppgåver er beskrive under, og spesielt i

barnefotballen er det viktig å hugse på at foreldre/føresette er avgjerande faktorar

for at spelarane kan nå desse måla:

 

  • Møt presis til trening og kamp, du har ansvar både for deg sjølv og laget
  • Gje beskjed dersom du ikkje kan på trening og kamp, og dette i god tid så sant det let seg gjera (hugs å nytt terminlista til planlegging)
  • Vær budd til trening og kamp, ha kontroll på utstyret ditt som leggskinn, fotballsko, flaske og drakt
  • Vær ein positiv faktor på trening, kamp, og i det sosiale miljøet rundt laget og idrottslaget
  • Støtt medspelarar og trenarar/lagkontaktar
  • Sjå til at du nytter tida på trening til det beste for deg sjølv og lagkameratane/venninnene dine, ikkje vær ein «tidstjuv»
  • Føl «venereglar» og/eller «haldningskontrakt» inngått med Bjørgum IL
  • Hugs at spelarar frå Bjørgum IL ALLTID skal kjenneteiknast ved gode haldningar og verdiar. Me: gjennomfører Fair play helsing – rydder etter oss, både på heime- og bortebane – respekterer dommaren – respekterer motstandaren.
  • Fair Play – ALLTID!

 

TRENAREN

Trenaren skapar tryggleik gjennom å vere tydeleg, føreseieleg og ved å alltid ha eit

smil på lur. Trenaren skapar trivsel gjennom ei rettleiande og spørjande tilnærming til

fotballaktiviteten. Trenaren skapar tilhøyring gjennom engasjement, omsorg og ved å

ha eit blikk og omsut som strekkjer seg utover eige lag og ser heile klubben.

Trenaren pliktar å arbeide lojalt i høve idrottlaget sine interesser, samt følge

retningslinjene i Sportsplanen. Dersom trenaren er i tvil om korleis Sportsplanen skal

tolkast skal trenaren ta kontakt med Fotballgruppa for avklaring. Konkretisering av

trenaren sine oppgåver er beskrive under:

 

 

  • Trenaren skal ikkje nytte rusmidlar i samband med trening og kamp
  • Trenaren skal som hovudregel vere ute i god tid og ha økta klar til spelarane kjem, situasjonar kan oppstå som utfordrar dette – nytt då andre ressursar til igangsetting om mogeleg
  • Treningsøkta skal væra i gang når laget har oppsett treningstid
  • Trenaren skal legge til rette for morosame og varierte treningar
  • Trenaren skal gje mykje ros og jobbe for å skape eit godt miljø der det er lov å feile
  • Trenaren skal ikkje kritisere, men fremje utvikling gjennom konstruktiv og positiv rettleiing
  • Trenaren må tilpasse kommunikasjon til kva for eit alderstrinn borna er på
  • Trenaren skal innføre struktur og gode haldningar, tydeleg retningsliner for oppmøte, pausar og avslutning av økta skapar tryggleik
  • Topping av lag skal ikkje skje i barnefotballen
  • I barnefotball skal alle ha like mykje speletid over tid, nytt sunn fornuft
  • I ungdomsfotball kan treningsoppmøte og innsats være med på å styre speletida
  • Trenaren i barnefotball skal la spelarane rullere på posisjonar- dette er utviklande
  • Born hugsar best det dei ser, ikkje det dei høyrer – å synleggjere bodskapet ditt i økta ved å nytte øvingsbilete/vise er ei god tilnærming
  • Ha eit ynskje om å utvikle deg som trenar, møt opp på faglege fora i regi av idrottslaget og delta på kurs
  • Trenaren skal saman med lagkontakt ha god oversikt over ballar, vestar og anna utstyr
  • Sjå til at det ligg fyrstehjelpsutstyr, keeperhanskar, keeperdrakt og ev.caps i bagen på trening, kampar og cupar.
  • Ta initiativ til Fair play-møte med dommar og trenar til motstandarlaget før kvar heimekamp
  • Saman med Lagkontakt sjå over seriepoppsettet og vurdere om kampar må flyttast
  • Trenaren skal gje spelarane tid og rom til andre fritidsaktivitetar
  • Som trenar er det viktig å sjå spelaren som menneske både på og utanfor bana
  • Fotballgruppa kan bryte inn mot trenarar som ikkje er lojale mot idrottslaget sin profil angitt i Sportsplanen
  • Bjørgum IL skal legge til rette for at alle trenarar som ynskjer det får tilbod om kurs og utdannning, samt arrangere faglege samlingar gjennom sesongen for alle trenarar tilknytt idrottslaget.

 

LAGKONTAKTEN

Lagkontakt er bindeleddet mellom foreldre og fotballgruppa, og er ein viktig

støttespelar for trenarane. Saman med trenarane skal Lagkontakten bidra til å skape

eit trygt og godt miljø rundt laget, dette m.a gjennom å ta initiativ til å verta kjent

med alle spelarane både på og utanfor bana. Konkretisering av lagkontakten sine

oppgåver er beskrive under:

 

  • Lagkontakt har ansvar for at all naudsynt informasjon kjem ut til spelarar, trenarar og foreldre/føresette
  • Lagkontakt skal sende spelarliste til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. ved sesongstart og oppdatere denne ved endringar på laget eller ved skifte av trenar/lagkontakt.
  • Lagkontakt skal kontakte oppsett dommar dagen før heimekamp
  • Lagkontakt skal, saman med trenar, sjå til at det vert sett opp bane når laget har heimekampar. Dvs. å hjelpe trenar med å merke opp bana og setje på plass mål, samt sjå til at alt vert rydda når kampen er ferdig
  • Lagkontakt fordeler ansvar som «Kampvert» til foreldre på alle heimekampar, sjå til at FairPlay-vest og «kampvertkort» ligg tilgjengeleg i kampbaggen
  • Lagkontakt tek imot motstandarlaget, ynskjer velkomen og takker ved kampslutt
  • Lagkontakt skal delta på møte med fotballgruppa når ein vert innkalla til dette
  • Lagkontakt skal, saman med trenarar, sjå over seriepoppsettet og vurdere om kampar må flyttast
  • Ta ansvar for å laga køyrelister til bortekampar der det er naudsynt
  • Ved deltaking på cup; melde på og sende inn lagslister til arrangørklubben innan dei oppsette tidsfristane (forutan Vårslepp Cup, då det der skal meldast til leiar i fotballgruppa)
  • Saman med trenarar ha god oversikt over ballar, vestar og anna utstyr.
  • Ta ansvar for å skaffe drakter, keeperdrakter og keeperhanskar til laget i god tid før sesongstart når dette vert initiert av utstyrsansvarleg i Bjørgum IL
  • Ta ansvar for å levere nyvaska drakter i klubbhuset ved sesongslutt
  • Informere foreldre i høve dugnadar osb
  • Fylle ut skadeskjema dersom ein slik situasjon oppstår
  • Være ansvarleg, saman med trenarar, for å arrangere ein form for sosial tilstelling som avslutning på sesongen for laget, og gjerne fleire gonger gjennom sesongen
  • Sjå til at foreldregruppa er samd om reglar når det gjeld å nytte sosiale media til kommunikasjon jmf.Personvernlova (sjå pkt. 15)
  • For lagkontaktar i ungdomsfotballen (frå 13 år)
  • Delta på lagleiarmøte arrangert av Hordaland Fotballkrets før serien startar
  • Vera ansvarleg for at det vert sendt inn kampskjema til Hordaland Fotballkrets (FIKS) 

 

6FORELDRE/FØRESETTE

Foreldra og føresette er dei viktigaste støttespelarane og bidragsytarane for å skape

god aktivitet for alle involverte i idrottslaget. Den viktigaste rolla ein har er å verke

forsterkande på borna sin aktivitet. Foreldra/føresette må vite kva reglar som gjeld

for laga og idrottlaget, og sørgje for at desse vert overhalde. Me ynskjer at

foreldre/føresette skal vera støttande, legge til rette og gje ros. I barnefotballen vil

me sjå dei på treningsfeltet, som kjegleflyttar, for å gje ros, for å blåse på såret og for

å hjelpe trenarane med å skape ro og struktur på treningane. I ungdomsfotballen er

det viktig at foreldra/føresette ikkje gløymer at sjølv om ein er blitt ungdom så betyr

ikkje det at ein ikkje framleis treng støtte, rettleiing og oppfølging.

Som føresette og foreldre kan du bidra til å gjere barne- og ungdomsfotballen til ei

god oppleving. Å ha born som speler fotball i Bjørgum IL inneber konsekvensar og her

er nokre hugsereglar:

 

  • Møt fram til kamp og trening - borna ynskjer det
  • Hald deg oppdatert på den informasjonen som kjem frå trenar, lagkontakt og klubb
  • Høyr med trenarenane om han/ho treng hjelp eller ynskjer å leie borna åleine under treningsøkta
  • Gje oppmuntring til alle spelarane under kampen - ikkje berre di dotter eller son
  • Oppmuntre i medgang og motgang - ikkje gje kritikk
  • Respekter trenar og lagkontakt si bruk av spelarar - ikkje prøv å påverke under kampen
  • Sjå på dommaren som ein vegleiar- ikkje kritiser avgjerslene hans/hennar
  • Stimuler og oppmuntre bornet ditt til å delta - ikkje press
  • Spør om kampen var morosam og spennande - ikkje berre om resultatet
  • Sørg for rett og fornuftig utstyr - men ikkje overdriv
  • Vis respekt for arbeidet klubben gjer - ta initiativ/delta på foreldremøte
  • Prøv å ta på deg verv og oppgåver på og rundt laget/laga – det er moro og sosialt!
  • Hugs at alle trenarar/lagkontaktar/kiosk- og marknadsansvalege, og dei med styreverv i Bjørgum IL, driv med kontinuerleg dugnadsarbeid for at også ditt born skal ha ein aktivitet å gå til – still opp på dugnad når du vert kalla inn til dette!
  • Tenk på at det er borna som speler fotball - ikkje du

Hugs at borna gjer som du gjer – ikkje som du seier