Bjørgum IL er eit fleiridrettslag med krets i Bjørgum-grenda. Hovudaktivitetane er fotball og
langrenn. Me er også opptatte av at idrettslaget skal skape arenaer for allsidig aktivitet og
sosialt samvær for både born og vaksne i grenda, til dømes friidrettsaktivitetar og ulike
trimtilbod.

Idrettslaget blir i all hovudsak drive med dugnadsinnsats og frivillig arbeid. I tillegg er me
avhengige av gode samarbeidspartar som kan bidra med sponsorinntekter til laget. Me er
glade for at det lokale næringslivet på Voss stiller opp for lokallaga, og me kan tilby ulike
profileringsalternativ som motyting for dei som vil bidra.